Side:Garborg - Skriftir i Samling, Band II.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

heile Kvelden, og lokka og lirka og gjort seg til; og ør og fortrylt var eg; og slik ein ung og urøynd Gjentunge som eg den Gongen var, so veit De det gjekk vel alitid eit Grand innpaa meg aa sjaa dette store lange Mannfolke so reint ille farin; ja; so vart det daa til det at han fekk som ein halv Lovnad, og —; eg skal segja Dykk, han fór fram med slik ein Ofse, at han skræmde meg mest! — Det kann eg godt forstaa. — Og sidan tedde han seg som Festemann; tok imot Gratulasjonar og sende ut Kort; alle priste meg sæl og misunnte meg; og Prestfolke som eg var hjaa, dei tottest ha gjort reint eit Ovverk, daa dei hadde fengi meg so godt gift. Som rimelegt kunde vera! Kven skulde vel tru anna enn att dette maatte gaa godt! — So rik som han var ja! — Ja? Og unge raske Folk var me baae tvo; og dessutan —, ja han var no reint hugtekin; og eg hadde kje noko serskilt imot han heller, den Gongen; det einaste kunde vera dei Augo ... — Aa ja; men det var daa kje noko aa bry seg um. — Nei. Glad var eg med aa faa Fot under eigi Bord og; for kor godt eg hadde det hjaa Presten, so veit De korleis det er: den som skal vera baade Tenestgjente og Dotter i Huse, so vert det liksom so utrygt. — Aa Gud ja. — Men slik er det; ofte naar det ser best ut ... — Ja det gjeng sjeldan godt, naar dei er so for glade i kvarandre. — Nei, det hev eg alltid høyrt. Men kva skulde eg gjera? Naar han endeleg vilde, og naar alle talde til ... — Det var kje anna aa gjera enn det De gjorde, Fru Holmsen.

— Og so gjekk det daa sidan som det kunde, heldt Fru Holmsen fram, og ikkje som det skulde. Ja i Fyrstningi var alt godt og vel, veit De, — mest altfor vel; han kringsette meg med Gaavur; heldt Hest og Vogn til meg, og stasa meg upp med Kjolar og Klædningar som var so fine, at eg snaudt kunde gaa med slikt her upp-aa Bondelande. — Hugsar det nok; hugsar det nok!