Side:Garborg - Skriftir i Samling, Band II.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

valt og med Innsinne. Han —, han —, som ho ikkje vilde nemne, det var greidt at han, som var Jurist —; dette „Forlike“ som han hadde fengi henne til aa gaa inn paa, det kunde ein vita han hadde skrìvi so han kunde koma ifraa det att. Det sagde seg daa sjølv. Det vilde ikkje ha vori han elles.

God Hjelp fekk han av desse andre Juristane og, kunde ein vita. Han hadde nok visst aa halde seg med dei store, han. Amtmannen sjølv hadde kje haldi seg for god til aa drikke Champagne hjaa Skogkongen paa Fredheim i den Tid; no hjelpte dei honom att. Det var takka og betalt, det.

Dei tvo Kvendi var um eit lite Grand midt upp-i dei gamle Fredheimssogom. Nei, som det gjekk upp og ned i Verdi! Kven skulde no tenkt at „Fredheimsdronningi“, ho som for nokre Aar sidan mest fann det for trongt der ut-paa Herregarden, — at ho ein Gong skulde faa det som ho hadde det no! Bu i eit raakaldt, ufjelgt Hol til Skuggesida; med all si Eign nedlæst i ei gamal Kiste; fraarøva alt, liketil Borni sine; — ja for no vart ho vel nøydd til aa gjeva Fanny og fraa seg til den ... Tausi der inn-i Kristiania!

Ho var vel eit laakare Menneskje enn andre, med di det skulde gaa henne so paa tvert. „Nei men kjære Fru Holmsen!“ Og endaa visste ho ikkje anna enn ho hadde vori som Folk flest paa Lag. Mannen sin kunde ho i alle Fall tenkje paa med godt Samvìt. Det var nok dei som laut tòla meir av Kona si enn han hadde gjort. Og kor som var: fraa fyrste Tid var det ikkje ho som hadde klengt seg inn-paa honom.

Nei det var nok svært som han var etter Dykk i den Tid? sa Fru Mühlberg. — Aa, det var kje med Maate! Alle dei Raadir som til var, brùka han ... — Eg gløymer aldri det De ein Gong fortalde: den Kvelden etter Danselage, veit De. — Naa, daa han kom setjande inn i Vogni til meg og fylgde meg heim? Ja det var daa, det hende. Han hadde vori etter meg