Side:Garborg - Skriftir i Samling, Band II.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Nei; det vart det same.

Dei tok Breve for seg endaa ein Gong og studera det endaa gløggare. Dei fylgde Vegen det hadde gjengi, fraa Byfuten til Amtmannen, fraa Amtmannen til Stiftamtmannen, fraa Stiftamtmannen til Kristiania Byfut, fraa Kristiania Byfut til By-tenaren, og so attende att: fraa By-tenaren til Byfuten, so til Stiftamtmannen, so til Amtmannen, so til Byfuten her, so til Amtmannen att, so tilbake til Byfuten, der det hadde legi i aatte Dagar, — og so endeleg hit. Men det nytta kje noko. Det einaste som kom Saki ved var dette siste, af der „ikke var Adgang til at tilpligte“. Ja det er vel det same som at dei ikkje kann tvinge han det? umsette Fru Holmsen. Ja —, Fru Mühlberg drog paa det; det maa vel so vera. Nei men det hadde eg kje trutt lel! — Aa, eg visste nok at det vilde gaa so, sa Fru Holmsen; ho hadde vorti heit um Augo. Eg kann mest ikkje tru det lel, sette Fru Mühlberg i; Amtmann Krohn, den pene Mannen! — Aa, dei heng ihop. Byfuten hev talt for Amtmannen, og Amtmannen hev haldi seg til Byfuten; det er visst ikkje for inginting, dei hev teki seg so gode Stundir. — Og han som hev Smaaborn sjølv! — Pytt; hans Smaaborn er vel berga; og so kann det vera det same med andre daa, veit du. — Nei sandeleg um eg hadde trutt dette um Amtmann Krohn likevel. Eg kann undrast paa kva han no vil De skal gjera? — Gaa til Kassa vel! Kva kjem det honom ved?

Fru Holmsen sette seg til Saumen sin med ein Rykk; her vart nok ikkje Tidir til aa liggje paa Latsida! Ho var dirrande nervøs; det bleike Andlite vart stramt og magert. Og fraa Nasevengen nedyvi til den eine Munnviki teikna det seg ein litin kvass fin Strik, som ingin lenger kunde vera i Tvil um; Fru Mühlberg saag paa den og vart underleg i Lag: der hadde den fagre Fru Holmsen si fyrste Rukke.

— Fru Holmsen sauma ihuga og tett, og tala stræ-