Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

skulde daa vera: i alle Tidir; gjenom alle Heimsaldrar. Men, som me hev set, kjem Gehenna-Strafii ikkje fyrr Heimsaldrane er til Endes, eller som det heiter i Opinberringi (10: 6): naar det ikkje lenger skal vera Tid. So lyt daa dei lærde ut med sine Ordleikar um endelaus Tidløyse eller den „endelause Augneblinken“ o. s. fr., som ingin skynar, ikkje dei sjølve heller.

Det som er visst er, at Jesus aldri talar um endelaus Straff; jamvel den største Sundaren skal koma ut fraa Straffestaden naar hna hev „betala den siste Skjerven“. Den æoniske Elden i Mt. 25: 41 maa vera Gehenna-Elden; men „æveleg Pinsle“ veit Jesus inkje um. Orde kolasis som han brùkar i same Stykke V. 46, og som Kyrkjebibelen umsèt med „Pinsle“ („Pine“), tyder etter Ordbøkane Kvisting (aa kviste Hagetre) og sidan Refsing, Tukt, Age; men jamvel „æveleg Tukt“ vert utan Meining, naar det „ikkje er Tid lenger“ og det jordiske Tilvære hev naatt sitt Endemaal.

Det kann daa ikkje vera Læresveinen Mattæus som hev lagt dette Orde i Jesu Munn; det er den vaknande Kyrkja somhev teki til aa leike so smaatt med den „ævelege Elden“[1].

  1. Lutherkyrkja hev som me veit stroki baade Scheol og Gehenna og sett i Staden sitt eine store „ævelege Helvite“. Kven som skal svara paa Domedag for