Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

utfyllt med fleire og fleire av dei Ordi og Sogune etter Meistaren som livde i Kyrkja, serleg millom Apostelsveinane, og som syntest gagnlege til Upplysning um Læra og til Styrkjing for Trui[1].

Det hev etterkvart vorti mange Uppskriftir og Avskriftir; kvar Kyrkjelyd vilde vel meir og meir hava sine. Og dei ymse Uppskriftine hev vorti utfyllte paa ymis Vis; dei same Sogune var ikkje kjende i alle Kyrkjelydom. Tiltru hev Uppskriftine vunni etter det Upphave dei hadde eller galdt for aa hava. Lengst vann dei som etter det fysste Upphave var eldst, og som førde Namn etter Apostlar eller Apostelsveinar. Fire av desse vart sistpaa godtekne i heile Kyrkja. Det nye Testamente, me kallar, hev vorti til i fysste Helvti av det 2dre Aasrhundrade, etter som lærde Folk trur. Fysste Samlingi — paa 22 Skriftir — er komi i Stand i Rom; den fullstendige — med 27 Skriftir — er fysst kjend fraa Aleksandria[2].

  1. „Evangelierne er Tendensskrifter i god Forstand“ (I.C. Heuch).
  2. Ad. Harnack: „Reden u. Aufsätze“ II: „Zur Geschichte der Entstehung des N. Test.“ — At ikkje dei 4 Sogune vart samanarbeidde til ei, liksom Emne var eitt og Kyrkja ei, meiner Harnack hev komi seg av, at Kyrkja i den harde Striden med Gnosislære i det 2dre Aarhundrade fann det tryggast aa halde seg til det ho daa hadde; det tok til alt til aa staa Vyrdnad av desse Uppskriftom.