Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

have like. Men ulike Slag døyvar kvarandre. Vil ein øyde godt, skal ein gjera vondt; men vil ein døyve vondt maa ein gjera godt; det er ei klaar naturleg Sanning Jesus her legg fram, og ikkje noko Tverdøme.

Elske, gjera godt mot sine Fiendar maa ein, um ein vil vinne yvi deim. Tanken hev vori uppe alt hjaa Moses (2 Mos. 23: 4); og i Salomons Ordtak (25: 21) stend det, at „er din Fiende svoltin, so gjev honom Mat, og tysster han, so gjev honom Vatn“, um Tanken der elles er den som Paulus tek upp-att i Rom. 12: 20: at ein paa den Maaten sankar gloande Kòl paa Hovude aat Uvénen sin. Hjaa Jesusu er Krave heilt og klaart. Liksom Himilfaderen læt si Sol renne yvi vonde og gode og Regn falle yvi rettferdige og urettferdige, soleis skal og dé, segjer han, „elske dekons Fiendar, velsigne deim som bannar dekon, gjera vel mot deim som hatar dekon og beda for deim som vil gjera dekon Forfang og forfylgje dekon“. Elske sine Venir kann alle; den som vil vera Jesu Svein maa stande so fri av Verdi at han kann elske jamvel sine Uvenir. Med dette gjenomførde Kjærleikskrave gjer Jesus Lovi heilt til Fridom og Aand; det juridiske „Auga for Auga og Tonn for Tonn“ er avteki.

*