Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og Arbeidsmennar for Messiasrike; og Bøkar var her nok av for den Tidi som no var att. Og daa Meistaren var gjengin fraa deim, vart dei endaa meir arbeidsbundne. Naar Messias kom att vilde han løne deim etter det dei hadde gjort; dei sette seg daa ikkje til aa skrive. Dei arbeidde og stridde, tala, vitna, vaaga sitt Liv; Gudsrike kunde koma kvar Dag. Ord av Meistaren som dei serleg vilde hugse hev vorti uppskrivne til Hjelp i Arbeide; meir hev ingin av deim tenkt paa; Jesus-Sogur er ikkje nemnde i Apostelskriftine nokon Stad.

Tanken um aa skrive kom upp seinare, daa det syntest vilja draga ut med „dei siste Ting“. Kyrkjelyden voks; Apostlane vart tekne burt[1]; fleire og fleire nye Lærarar turvtest. Og Minne um Jesus og hans Ord vilde snart veikne, serleg i Heigningkyrkjune der Israelstrui var ukjend, um ein berre skulde hava Segni aa halde seg til. So kom det og upp Spursmaal um eitt og anne i Læra, soleis som me ser alt i Apostelgjerningar; Jesus-Ord kunde daa ofte vera gode aa hava til Rettleiding, jamsides Apostelbrevi. Bergpreika og anna som hadde vorti uppskrivi i tidleg Tid, hev daa no vorti

  1. Jakob vart drepin alt i den fysste Aposteltidi (Apg. 12:2); dei andre kjem burt etterkvart, og me veit korkje Maaten eller Tidi; etter Segnom hev berre Johannes vorti gamall.