Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Denne Livslæra drag seg som ei Gull-Aare gjenom all Jesu Forkynning; i serskild Rikdom stig ho fram i „Bergpreika“ (Mr. 5—7; smf. Lk. 6:20—49; 11: 9—13; 12: 22—31 o. fl. St.). Denne Preika gjev, kann ein segja, Jesu Syn paa Lovi og Live i Samanheng.

Her som elles i Læretalur vender han seg til dei smaae i Folke, dei som er minst bundne av Verdi, og fysst og fremst til Sveinane sine (Lk. 6: 20; Mt. 5: 11—12). Sjølve dei Sælprisingane Tala opnast med gjeld deim. „Sæle er dé fatide; for dekons er Guds Rike“; og „sæle er dé som hungrar no“, og „dé som græt no“; for „dé skal mettast“; „dé skal læ“, segjer han etter Lukas; same Tanken er tekin uppatt tri Gongir.

Sælprisingi yvi deim som vert forfylgde kjem noko uventande her; Forfylgjingar var ikkje uppkomne i den Tidi daa Bergpreika vart haldi. Og dei harde Tidine som var ventande naar denne Heimsalderen leid til Endes (Mt. 24 og Tilvisn.), dei skulde for Sveinane ver Utløysningstidir (Lk. 21: 28). Men daa Jesus-Sogune vart skrìvne, hadde mangt snutt seg. Sveinane hadde røynt utenkte Ting; og Ord som Jesus i myrke Stundir hev sagt, men som Sveinane daa ikkje hev skyna eller teki seg Tankar av, vil etter Golgata-Hende og seinare ha livna upp att for deim og fengi