Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Verde som gjev os full Løn for (d. e. full Meining i) Tilvære vaart. Jamsides dei store Framvonine hev Jesu Svein den Vissa som han kann røyne seg til: at det gode hev si Løn i seg sjølv, at ein „vinn Live“, vinn Innhald i Live, naar ein paa rett Maate nyttar det. Gjer ein Guds Vilje, so tarv ein ikkje som Farisæarane spyrja naar Rike kjem; Rike er komi; ein hev Rike i seg. Og ein stig og gjeng fram, vinn større og større Sæle, rikare og rikare Løn, di meir heilt og fullt ein gjev seg inn under Gudsvilje.

At Live hev sitt Verde, si Løn, si Meining i seg sjølv, er Jesu nye Tanke, hans sanne Fagnadbòd. Fær me Tak paa det, so vert alt anna mindre vigtugt, um det so var sjølve det rabbinske Messiasrike.

*

Jesu Forkynning er ei Lovtolking som gjeng so djupt, at ho i Røyndi vert Lovgjeving.

Til aa setja nye Bøtar paa gamle Plagg var han ikkje komin; han fullførde det gamle ved aa gjenomføre Grunntanken i det. Moselovi ver ei Rettslovgjeving med ein moralsk Tanke som ikkje vann heilt fram (smf. t. D. 3 Mos. 19: 18 med 2 Mos. 21: 24—25); gjenom Jesu Tolkning vinn Grunntanken fram; og Lovi vert heilt ut Morallov, Livslære.