Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

jamvel ikkje Sonen eller Englane i Himlom visste noko um det (Mt. 24: 36; Mk. 13: 32); og um nokon sagde: sjaa her er Messias eller der, so skulde Sveinane ikkje tru det; uventande som Ljone skulde han koma. I denne Heimsalderen hadde Jesus berre eitt aa gjera: han skulde byggje det aandelege Gudsrike. Og um det sagde han: det „kjem ikkje so at det er audsjaaande, og heller ikkje skal dei segja: sjaa her er det eller sjaa der; for sjaa, Guds Rike er innantil i dekon“ (Lk. 17: 20, 21).

Dei som kom med i dette aandelege Rike, skulde faa ei serskild Gjerning og ei framifraa Løn i det Gudsrike som var ventande. Dei kunde daa gleda seg til det med, og det i framifraa Meining; for naar dei skyna at det kom, so visste dei og, at det stunda til deira Utløysning (Lk. 21: 28). Dei burde og alltid halde seg budde, so Lampune deira kunde vera kveikte naar Brudgomen kom (Mt. 25: 1). Men det gjorde dei ved aa byggje Gudsrike inne i seg sjølve, gjenomføre Guds Vilje i sitt Liv, elske Gud og Næsten, „halde Bòdi“. Og daa kunde Jesus lova deim, at dei ikkje skulde sakne si Løn i noko Tilfelle.

Det er det som er Grunntanken i Jesu Gledebòd: lìver me etter Guds Vilje, so fær Live Verde i seg sjølv, og det um det i verdsleg Meining synest aldri so armt, — fær eit