Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Svin, eller trur at Messias ein Gong hev vori Vinbryggjar i Kana i Galilæa.

Det sanne i Bibelen ramlar ikkje, um me tek Matlagingi aat dei 4000 eller 5000 Mann for Folkediktning heller[1]. Av Markus 6: 52 skynar me tydeleg, at denne Sogo hev vori ukjend for Sveinane; mot Teikn hadde desse barnslege Galilæa-Gutane ikkje forherdt Hjarto sine.

Daudevekkjingsogune hev me alt vori innpaa; den stridaste er den um Lasarus (Joh. 11). Jesus er reint ulik seg her; han gjer seg beintfram fyri med aa faa Lasarus-Sogo merkeleg og aatgaadd. Han steller seg so, at daa han kjem til Betania, hev Lasarus alt „legi fire Dagar i Gravi“; at han „græt yvi Lasarus“ naar han hev stelt til dette og dertil veit at Lasarus um eit lite Bìl vil vera livande att, det er ikkje heller likt Profeten fraa Nasaret.

  1. 2 Kong. 4: 38—44, der Elisa med 20 Byggbrød mettar 100 Mann, er gjerne Grunn-Emne til denne Sogo. Messias maatte ha kunna gjera større Ting enn Elisa, kann ein ærlig Kristin hava sagt; millom hugvarme Jesus-Vénir hev dette vorti hermt; ein av desse hev tykst høyre, at Jesus hadde gjort større Ting enn Elisa; det hev han funni sjølvsagt, og hev sidan fortalt det til andre; til Jesu Ære hev han heller lagt til enn teki fraa; Sogo i Mt. 14: 13 flk. Hev dermed teki til aa byggje seg upp; og ingin hev „dikta“ ho. Me ser kvar Dag, korleis forunderlege Sogur lagar seg sjølve, so ingin veit kvar dei er kmone ifraa; og det hev visst ikkje vori annleis fyrr i Verdi.