Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han Meining. Jesus godkjenner jamvel dei etterbabyloniska Rabbinarlærdomane (som den um Djevlane o. y. a.); gjenom deim som sat paa Mose Stol hadde Faderen lati desse Lærdomane koma upp; det var daa hans Tankar.

Alle Sogune fortèl um Tempelreinskingi. Denne gjekk etter Johannesboki for seg fysste Gongen Jesus var i Jerusalem; og det er rimelegt; daa vart han vel sterkast tekin av aa sjaa den heilage Staden so lite vyrd. Men det som det for honom gjeld um er Lovi, Gudsviljen. Naar Farisæarar eller Skriftlærde kjem til han med Lærdomsspursmaal, svarar han so rett at han maalbind jamvel deim som gjene vilde finne noko aa hefte seg ved; men sjølv dømer han ingin for Meiningar eller Truir. Krave hans er til alle det eine store: Du skal halde Bòdi. Sine strengaste Ord segjer han til deim som med all rett Tru ikkje lìver rett; aldri hev gudeleg Lygn fengi stregnare Dom enn i Jesu Talar mot Farisæarar og Skriftlærde.