Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

So hev daa og Faderen gjort honom til Messias. „Alle Ting er mig yvigjevne av min Fader“ (Mt. 11: 27 Tilvisn.); „Faderen elskar Sonen og hev gjevi alle Ting i hans Hand“ (Joh. 3: 35). So at „den som tek imot meg, han tek imot den som sende meg“ (Mt. 10: 40).

Aalvorsame Krav set han til Brørane sine. „Den som kjennest ved meg for Menneskjom, honom vil eg og kjennast ved for Fader min“ (Mt. 10: 32; „for Guds Englar“, Lk. 12: 8); men „den som skjemmest ved meg og mine Ord, honom skal og Menneskjesonen skjemmast ved, naar han kjem i den Herlegdom som tilhøyrer honom og Faderen og dei heilage Englar“ (Lk. 9: 26[1]). Og dei som vil fylgje honom og faa Lùt i Messiasrike, maa fylgje honom heilt. „Den som elskar Far eller Mor eller Son eller Dotter meir enn meg, han er meg ikkje verd“; „um nokon kjem til meg og ikkje hatar Far og Mor og Kone og Born og Bror og Syster og endaa sitt eigi Liv, han kann ikkje vera min Læresvein“.

Den Løni Messias lovar Sveinane sine er stor, men ikkje verdsleg. „Den som misser sitt Liv for mi Skuld skal finne det“ (Mt. 10: 39 o. Tilv.); og „den som hev gjevi upp Hus eller Brørar eller Systrar eller Far eller Mor

  1. I Jesu Tid er det Faderen, Sonen og Englane; Anden var enno ikkje vortin „Person“ smf. Joh, 7: 39.