Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Son? spỳrr han; det vilde vera reint uisraelitiskt at ein Mann kalla Son sin Herre. Dette Spursmaale fær Jesus ikkje Svar paa. Og han læt det stande svarlaust sjølv med. Han hev funni det lite vigtugt kven som var Far hans etter Kjøte; Anden, hans sanne Liv var i alle Tilfelle fraa Gud[1].

Men i denne Avsegjing av Ætt og Heim ligg det sjølvsagt ingin Vanvyrdnad for Ætti eller Heimen; Jesus held i si Forkynning det 4de Bòde uppe so vel som Lovi elles.

*

Spursmaale i det nytestamentlege Jødeland var um Jesus fraa Nasaret var Messias[2].

Dette Spursmaale var ikkje lett aa svara paa. Messiastanken ver ein Profettanke; og Profettankar er alltid uklaare. Denne var dessutan gamall og hadde kløyvt seg.

Folke trudde paa den jordiske Messias: ein komande Storkonge av Davidsætti, som skulde nyreise Israelsrike og leggje alle Folk innun-

  1. Tanken um Fyri-Tilvære hev vori ikkje lite uppe paa Jesu Tid (smf. Rydberg „Bib. lära“ S. 262 flg.); Messias hadde i alle Tilfelle vori til fyri hin SKapningen, ettersom Johannesboki og Paulus (i Samhøve med Rabbinane) lærer.
  2. Messias (den salvevigde) er i N.T. umsett til græskt: Christos (av chrinein: salve).