Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/114

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Ande“, V 37), so ét han „eit Stykke steikt Fisk og ei Honningkake for Augo paa deim“. Syne legg i stutte Ord fra Pauluslæra um Lidingi og Uppstòdo og Forlating for Syndine „i hans Namn“ ― det stend „hans“ og ikkje „mitt“ ―; og byd deim vera stille i Jerusalem til dess dei „vert iklædde Kraft fraa det høge“.

Sogune um Uppstòdo hev vaksi etterkvart; Johannesboki hev dei fleste. Og det endaa Jesus hjaa Johannes (13: 31 ― 16: 33) tok saa serskilt Avskìl med Sveinane fyri Lidingi, og ikkje nemnde eit Ord um aa stande upp.

I Johannesboki kjem Maria Magdalena til Gravi „medan det endaa var myrkt“; ho er her aaleine. Korkje Englar eller kvitklædde Mennar vert nemnde; men Steinen er „tekin burt ifraa Gravi“. Det Jesus skal ha spaatt um Uppstòdo hev Maria ikkje meir Fyrisvìv um her enn hjaa dei andre; ho spring til Peter (og til „den Læresveienen som Jesus elska) og segjer at „dei hev teki Herren burt fraa Gravi, og me (?) veit ikkje kvar dei hev lagt honom“. Dei tvo Sveinane gjeng daa til Gravi; „den andre“ kjem fysst, og ser fysst Linklædi; Jesus viser seg ikkje. Peter hjeng inn i Gravi (her fær han vera fysst); i Gravi ser han Linklædi, som det her vert lagt serskilt vel Merke til; Soguskrivaren (eller -Rettaren) fortèl endaa at Sveiteduken „laag burtsveipt ein Stad for seg