Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/113

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest


i Mt. 27:60): at Josef fraa Arimatæa hev flutt Like[1].

Meir enn Lik-Klædi ser Peter ikkje; og han „gjekk heim atter og undra seg yvi det som hadde hendt“. Sogo fraa Markusboki um dei tvo Sveinane paa Vegen kjem her att noko meir utførd (Emmaus-Møte); her syner Jesus seg fysste Gongen hjaa Lukas (som ikkje læt Maria Magdalena hava noko Syn ved Gravi). Daa dei tvo Sveinane kjem og fortèl um Møte sitt med „Herren“ til dei elleve, er desse og komne til Trui; korleis dette hev gjengi til er ikkje fortalt. Men dei vitnar med heil Hug: „Herren er visseleg uppstadin, og er segg av Simon.“ Dette at Peter skal ha set den uppstadne er hjaa Lukas ikkje fortalt; det maa daa seinare vera innført fraa 1 Kor. 15: 5, der Paulus hev „mot-teki“ det. Sogo fraa Emmaus vert med ein Gong trudd hjaa Lukas (smf. Mk. 16: 13). Og trast etter „stod Jesus sjølv midt imillom deim“; og daa dei „endaa ikkje trudde for Glede“ (V. 41; „dei trudde dei saag ein

  1. Josef var fraa „den jødiske By Arimatæa“ (Lk. 23: 51) og ikkje fraa Jerusalem; i alle Tilfelle var han ein velvyrd Mann (etter Mk. Og Lk. jamvel „Raadsherre“ eller „Raadsmann“) og hev ikkje havt Gravir for seg og sine paa ein Rettarstad. Men Fredags Kveldingi hev det ikkje vori Tid til aa føre Like til den rette Gravstaden; han hev lagt det inn i ei Grav han hev funni tom, og føt det burt straks den strengaste Helgi var til Endes.