Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/112

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

set den uppstadne („i ein annan Skapnad“) paa ein Veg; ikkje desse heller vert trudde. So kjem i V. 14 den fysste Sogo um at alle 11 fær sjaa Jesus; sidan er ikkje Galilæamøte nemnt. Jesus „lasta deim for deira Vantru og harde Hjarto, at dei ikkje hadde trutt deim som hadde set honom uppstadin“; so sender han deim ut „i all Verdi“ til aa „forkynne Evangelie for all Skapningen“, og segjer Ord fraa ei seinare Tid um Tru, Daap, Fordøming. Fleire og fleire Sogur, fraa seinare og seinare Tid, er her sette laust innaat kvarandre etterkvart som dei hev vorti aalment trudde.

Hjaa Lukas (24: 1 flg.), der fleire Kvende er med ved Gravi (V. 10), er like eins Steinen burtvelt. Tvo „Mennar i skinande Klæde“ segjer fraa um Uppstòdo; Jesus viser seg ikkje. Noko Møte i Galilæa vert ikkje nemnt; Jesus skal i Galilæa berre ha spaatt um Uppstòdo. Og Kvendi „kom Ordi hans i Hug“. Men Sveinane kjem ikkje i Hug desse merkelege Ordi. Og dei trur ikkje det Kvendi fortèl. Det um Uppstòdo „tykkest deim vera laus Tale“; ikkje hjaa Lukas heller hev Sveinane høyrt Jesus spaa um Uppstòdo si. Men peter „stod upp og sprang til Gravi“; der ser han Linklædi. Desse vert nemnde her, til Trygd, vel, mot den Tanken som etterkvart vil vera komin upp (og som vel hev fengi inn det vesle Orde „si“