Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/111

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han er uppstadin; han gjeng fyri dekon til Galilæa. Kvendi gjeng, ottefulle og glade; mæter so Jesus, som tek upp att det Engelen hev sagt; nokon Stad i Galilæa der dei skal finne ’n nemner ikkje han heller. Dei elleve gjeng til Galilæa, „til det Berge son Jesus hadde fyrisagt deim“[1]; „og daa dei saag honom tilbad dei honom; men sùme tvìla“ (28: 17). Jesus gjev deim Fyrisegnir um Daapen i Ord som er fraa sein Tid[2]; dermed ender Mattæusboki.

Hjaa Markus (16: 1 flg.) er Steinen burtvelt, daa Kvendi (tri i Tale) kjem; det er ikkje nemnt nokon Jordskjelv. Inne i Gravi ser Kvendi „ein ung Mann i kvit Klædnad“; han segjer det Engelen sagde hjaa Mattæus (og nemner dertil Peter; Markus var Peter-Svein). Kvendi flyr i Otte fraa Gravi og „sagde ingin noko; for dei var rædde“ (V: 8). Ei ny Sogu tek til V. 9: Jesus viser seg for Maria Magdalena aaleine, men segjer ikkje noko; ho kunngjer (traa V. 8) Syni for Sveinane; desse „trur det ikkje“; det som Jesus skal ha sagt deim um Galilæa-Møte veit dei inkje um. Endaa ei ny Sogu, V. 12―13, fortèl, at tvo Sveinar hev

  1. Bibelutgjevarane viser til Mt. 26: 32; men der er inkje Berg nemnt.
  2. Apostelgjerningar kjenner til ein Daap i Jesu Namn; men Mt. 28: 19 talar um ein Daap i Namne til Faderen, Sonen og den heilage Ande.