Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/110

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
VIII.
M

aria Magdalena, og etter dei tri fysste eit eller fleire av dei Kvendi som hadde fylgt Jesus fraa Galilæa, kjem tidleg Fysstedags (Sundags) Morgonen og vil „sjaa til Gravi“ (Mt. 28: 1); vil „salve honom“ (Mk. 16: 1), eller „kjem med angande Urtir“ (Lk. 24: 1); dei veit inkje um at Jesus skal stande upp. I det heile ingin um dette; og endaa skal Jesus etter dei tri fysste fleire Gongir ha spaatt um det (Mt. 16: 21; 17: 22; 20: 19; Mk. 9: 9; 8: 31; 10: 34; Lk. 9: 22, 44; 18:31―33[1]).

Um det som gjekk for seg Sundags Morgonen er Sogone ikkje samsvarande.

Etter Mattæus var det ein „stor Jordskjelv“. Og „Herrens Engel“ steig ned og velte Steinen fraa Gravi og sette seg paa ’n; og til Kvendi (tvo i Tale) segjer denne Engelen um Jesus:

  1. Johannesboki hev berre ein Spaadom um Uppstòdo (2: 19), og den er uklaar som Spaadomar skal vera, so den kunde Sveinane ha høyrt og ikkje skyna.