Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Han er og aaleine um det at Øvsteprestar og Farisæingar fekk sett Vakt ved Gravi, so Sveinane ikkje skulde „stela honom burt og segja han var uppstadin“; like eins er han aaleine um at Øvsteprestar og Eldste etter Uppstòdo freista aa faa sett ut eit Ord um at Sveinane likevel hadde stoli Like. Men so tidleg hev ingin tenkt paa Uppstòdo; det ser me av det som vert fortalt um Maria Magdalena og Sveinane (Mt. 28: 1; Ml. 16: 1―3, 11; Lk. 24: 1―4, 11, Joh. 20: 1 flg.) Sundagsmorgonen etter. Men at Mistankar er komne upp mot Sveinane sidan, daa Uppstòdo vart forkynt og trudd, det er ikkje urimelegt; og det Orde som etter Mattæus (28: 15) kom ut millom Jødane um dette hev daa etterkvart skapt dei Sogune me no les i Mt. 27: 62―66 og 28: 12―15. ―

― Men Jesus fraa Nasaret var vortin Frelsar for Folke sitt trass i alt: ved honom hev Israel fengi ævelegt Liv i Heimssogo.