Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/108

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


― Midt under Rettsmorde paa Langfredag held Jødane seg strengt til Lovi. Dei gjeng ikkje inn i Domhuse, „so dei ikkje skulde verte ureine til Paaskemaaltid“ (Joh. 18: 28); og daa det lid mod Paaskemaals bìl, vil dei (etter Johannesboki) hava Beini brotne paa dei krossfeste, so Kroppane ikkje skal verte hangande Helgi yvi; „dor denne Kviledagen var stor“. Men Jesus er alt daud; og hans Bein vert ikkje brotne, ― „so Skrifti skulde verte uppfyllt: der skal ikkje verte bròti Bein paa honom[1]“. Denne Beinbrjotingi kjenne ingin av dei andre til.

Josef fraa Arimatæa vert fysste og siste Gongen nemnd i Sogo um Jesu Gravleggjing. Han er „ein god og rettferdig Mann“ (Lk. 23: 50), som „ventar paa Gudsrike“ (Mk. 15: 43); etter Matt“us (27: 57) og Johannes er han jamvel Læresvein, men „løynleg av Otter for Jødane“ (Joh. 19: 38). Han (og etter Joh. 19: 39 Nokidemus) fær Like nedteki og gravlagt. Det vert lagt i ei ny Grav (Mt.; Lk.; Joh.) som var uthoggi i Berge (Mt.; Mk.; Lk.) i ein Hage nære ved (Joh.); for det var Tilreidingsdagen mod Kvelden. At Gravi høyrde Josef sjølv til er Mattæus aaleine um.

  1. Det einaste Skrit-Orde Kyrkjebibelen her veit aa vise til er 2 Mos. 12: 46, som forbyd Israelsborni aa brjote Bein paa Paaskelambe.