Side:Garborg - I Helheim.djvu/86

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Dei pintest av arge, saare Hjarto,
og øyddest[1] Hugnad og Heim;
og daa dei naadde fram aat Gravi,
det var kje meir att av deim.

Spelegt for arme kalde Sjælir
er Brudferd og Brudlaups Skrud;
men det som kann i god Samhug lìva,
dei ganga beint til Gud.

————————


Kjem dei fram
til Svartemo;
der sprutar Gneistar,
der glimar Glo.

Det leikar ein Leik
der i Dimma graa;
Volva lèt Veslemøy
alt sjaa.

Eit ord fell,
av Hat sagt;
so kann det kje døy;
so aukar det Magt.

  1. øyddest: øydde for seg