Side:Garborg - I Helheim.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Myrkheim.

Audnir endelaust
ut seg breider
ned og nord
dei lange Leidir.

Her er Myrkre,
det store, tome;
her er Fange-
og Røynings-Rome.

Det segjer all Segn
som Bòd kann bera
at her er det ikkje
godt aa vera.

Det segjer all Segn
som hev vaar Lit,