Side:Garborg - I Helheim.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Med Ugras og turre Grein og Kvist,
med Vokstrar og Villfræ alne,
med halve Hugar og Sjælebròt
og Viljar visne og valne.
 
Med Sjælir som brende seg upp i Synd,
so halvdaude hit dei vann;
med veikt og laust og tomt som ikkje
mot Elden staa seg kann.

Med alt som fekk Aar og godan Vokstr
og aldri Frukti bar;
med alt som upp til Unyttes fyllte
i Herrens Aldegard.

Med Sjælir i Kjøt-tyngd bundne,
som tok seg fraa Live Lov;
late grov dei sitt Pund i Jordi
og burt sin Arbeidsdag sov.

D’er Hopen som aldri glødde
i Hug eller Mothug stor;
dei hadde det godt og tenkte kje meir
enn fraa Seng til gode Bord.

D’er Hopen som aldri villa
i Draumar mot Høgdi gjeng;