Side:Garborg - I Helheim.djvu/214

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

han er for Synte;
Røystir i Audni
ropar hans Namn.

Fylg dei fredsame
fram gjenom Striden!
Einslege fer dei,
men endaa sterke.
Sæl eg deg segjer,
du Sannings-valde;
godt skal fylgje deg;
far i Fred.

Burt bleiknar Volva
i Morgonglans,
og er ikkje meir
for Syn og Sans.

Veslemøy held
kjær Syster i Hand;
lett sviv dei yvi
det ljose Land.

Sjælesong gjeng
under Kvelvar stilt;
det dreg so mjukt,
det svæver so mildt.