Side:Garborg - I Helheim.djvu/210

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


So tidt dei gløymde sitt eigi
og Større-Kravi lydde;
so tidt dei styrkte det fagre paa Jord
og ufint og ufjelgt flydde.

Kvar Gong dei vann paa vesalt og vondt
dei klæddest i Reinleiks Skrud;
og naar dei auka Fred paa Jordi,
dei var ein Straale av Gud.

Veslemøy.

Eg bed deg vent, mi sæle Syster,
du spyrje den Spaa-Møy milde:
der inn i det ljose Rike med deg
ei Stund so gjerne eg vilde.

Systeri.

Volva ruggar sitt kvite Hovud,
sveipt i det svarte Flor;
og var du det høgste Heilagmenne,
den Bøni er for stor.

Ho ser paa deg, den høge,
med Sorgmod um bleike Kinn:
Likamen maa du av deg leggje,
fyrr der du kann koma inn.