Side:Garborg - I Helheim.djvu/209

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Vegen som ber
til den høgste Høgd.

*

Veslemøy.

Sæle mi Syster, du segje meg sant
det no eg vil deg beda:
kor kann desse arme Mannaborn
naa denne høge Gleda?

Den Kvardags Stakkar full av Synd
og urein og stygg og fæl,
kor kann han her i Ljos faa kvile,
kvitklædd og rein og sæl?

Systeri.

Den Kvardags Stakkar med Syndi si
seg inn i den Reinleik tøygde,
so ofte han paa si Stakkars Vis
i Kjærleik sin Vilje bøygde.

Dei mùna seg fram ein Mùn, so tidt
dei døyvde eit eggjande Ord,
og mana burt ein Illske-Tanke,
og Hemnsverk fraa seg svor.