Denne siden er godkjent
Veslemøy.
Aldri høyrd’ eg so ven ein Song;
aldri var eg so sæl;
kann Mannaborn slik Hugnad njote,
kven gjev seg daa meir til Hel?
Aldri høyrd’ eg so sæl ein Song;
aldri drøymd’ eg slik Fagnad;
Syster, kven er dei Heilagmenni,
som fær denne ljose Lagnad?
Systeri.
Dei var ikkje Heilagmenne
meir enn du eller eg;
arme Synde Sjælir var det,
som valde den gode Veg.
D’er dei som med Sut og Saknad
— den heite sterke Lut —
fekk vondt og stygt og smaatt og ureint
svidt seg or Hugen ut.
D’er dei som ofra Live
og so det vann og trygde;
d’er dei som i Striden mot sjølve-seg
sjølve-seg nye bygde.
*