Side:Garborg - I Helheim.djvu/192

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Sant nok; eg raader og rikjer
yvi den vide Jord. Eg er denne Heimsens Fyrste.
Meg med dei mange Namn og mange Hamar som daarar
kvar etter Hug og Smak og Vìt, meg tenar dei trottugt,
Storfjølden all, i Borg, paa Børs, i Læger i Kyrkje.
Mine Futar eg hev og Tenarar all Stad paa Jordi,
Fyrstar og førande Menn, Riksstellarar, Tenkjarar, Skaldar,
Prestar og fyrst og fremst min beste Lokkemat Kvinna.

Men kva nyttar det alt. Eit framandt Velde hev lagt seg
tungt yvi meg og mitt. Sjølv sìt eg i Nivlheim bundin,
slitin i Uro og lange Harm; og dei som meg tenar,
hughalve gjer dei det, og rædde og lite glade,
elte av Samvìts Agg og Angest som løynleg gneg deim.
Trygt dei ikkje meg trur. Det andre Velde deim skræmer,
tyngjer til Slutt deim ned og øyder all deira Vinning.
Ingin som tenar meg fær hugheilt Løni si njote;
rædd han fæler ei Magt, som lurer og tek ifraa han
meir til sist enn han vann.

Ein Gud i Band og i Trældom
sìt eg her til Spott. Og alle mine er bundne
liksom eg. Det tòlte og bar eg mykje for lengi.
Aldri Ro i min Hug eg fær, fyrr Stundi er komi,
daa med Hel-hèren fram eg gjeng og Himilen stormar,
leggjande under meg alt; med Rett, for daa hev eg Magti.

Fri vil eg staa og sterk, og frie skal Mennar meg tena;
fri skal den store Lyst yvi verdi grenselaust fløyme