Side:Garborg - I Helheim.djvu/191

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Hev kvar sine Sjælir
aa leika seg med
og daare og svike
og narre her ned.

Eller kvar sine Syndir
aa dyrke med sut,
at Røtane styrkjest
og ikkje gjeng ut.

Med Snøggbòd styrer
Hel-Hjerren daa
den Verdi han sjølv
er støytt ned ifraa.“

Hel-Herren.

Volve du vise høyr og seg kva Tidi mun lide;
lengi eg sat; og hardt meg Lengting sliter i Hugen.
Seg meg um Tidi er nær; um sotbrune Hane gjèl snart,
varslande Striden, daa han som Rome mitt tok skal falle.

Endelause skrid i roleg Gang gjenom Verdi,
seint som Uksar for Plog, dei seige graae Aartusund,
eitt for eitt. Eg mæler og tèl og reknar og gløymer;
ventar Stundi med tòl-laust Mod og æveleg ventar;
aldri mi Tid kjem.