Side:Garborg - I Helheim.djvu/188

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

„seg, kann her vera
so mykje stygt.“

Barmen snører seg
kvævd og kald:
„hu! her hev det stygge
Einevald.“

Det var so det sveiv henne
Sinn og Sans;
aldri saag ho
so fæl ein Dans.

D’er skakt og skeivt,
d’er vrangt og vindt,
d’er sleipt og kaldt,
d’er skrukkut og skrint,
d’er Kryp som krabbar,
og byksande Dyr
og Trollskap fraa tunge
Æventyr;
d’er Draken skjoldklædd
og Ormen svinn;
d’er Bustefeldar
og Raggeskinn;
d’er Hettur og Horn
og Brodd og Bryne
og Bløyg og Ugg