Side:Garborg - I Helheim.djvu/182

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

dei andre naar;
ingin er Cæsar
og Gud paa Jord;
ingin Tyran;
ingin stor.
Volve som veit
Tide-Vendi:
naar fær
denne Armod Ende?
Naar døyr
denne Borgartid kyrr;
naar veks meg Cæsar
veldig som fyrr?


Revehovude.
Høyr, Volve, det eg segjer deg:
den rette Cæsar, det er eg;
i dette Teikne er mi Magt;
ved det er alt meg underlagt

Eg ein Gong raadde Vargen fritt;
seg naar vert Velde heilt att mitt?
Guds Jarl eg er paa Jordi all;
ved dette Teikn eg vinne skal.

Reven messande,
blid i Ferd,