Side:Garborg - I Helheim.djvu/177

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Song.
Me svinga Styre-Stav,
men gløymde Rettferdskrav
og Fridomsbolk.
Vaar Magt til vern var sett
for Fred og heilag Rett;
me vart ei Svikar-Ætt
for alle Folk.

Til Eigenbatens Agt
me nytta vigde Magt
og Embætts Glans.
Guds Jarlar yvi Jord
me heilag Lovnad svor,
men etter Dyre fór
i Daare-Dans.

Me hjelpte Magti fjong
mot dei som Hjelpi trong
i Mødsla hard.
Men reiste Naud seg harm
og lyfte magre Arm,
med Odd mot nakne Barm
me stutt gav Svar.

Me livde utan Sorg
paa høge Herreborg
med Vin og Møy.