Side:Garborg - I Helheim.djvu/174

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

yvi alle som under Dyre-
Magti seg gav og selde.

Sterkt er Dyre, um no i Band
det sìt som ein Fange berre;
det nyt næst Mammon Ære og Ros
og Elsk hjaa den vonde Herre.

Fraa honom hev det Magti si;
ved honom Gud det svor
Ufred, og Rike sitt eigi sette
i staden for hans paa Jord.

Veslemøy.

Men Kross det hev yvi Kronur?
Og Bispar ikring det maa smjuge?

Systeri.

Med Krossen, det stal, og det heilage Namn
vil alt det under seg ljuge.

Men Bispar og Pavar som lider her
sin Dom paa denne Gjerdi,
d’er dei som gjorde Guds-Rike sjølv
til Rike av denne Verdi.

*