Side:Garborg - I Helheim.djvu/173

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Hate er sterkt,
men Rædsla vinn;
blaakald ho ligg
um kvart Kinn.

Veslemøy.

Kven er dette stygge Dyretroll
med Hovud tvo yvi Herdi?

Systeri.

Det er den skraavande Heimsens Magt,
Rike av denne Verdi.

Veslemøy.

Kva er det for Band? Og all den Vakti
som gjæter so ottefull?

Systeri.

Folki bind Dyre med Lov og Landsrett
og Mammon bind det med Gull.

Men endaa raader og rikjer
Dyre med bønlaust Velde,