Side:Garborg - I Helheim.djvu/172

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Ser Hirdi den gilde
med lovsong i Munn
for Herren ho hatar
av Hjartans Grunn.

Ser kor med høgtiding
hardt ho seg leitar
og under Kinn-Maaling
Blod sveitar.

Og kor under Smiling
og Ord fine
ho lid den verste
Helvites Pine.

Hat og Rædsle
og Angest fæl
hauk-rid og hakkar
kvar Hovmannssjæl.

Dei hatar Dyre
med Herjeklo
og tannkvasse Blod-Gapi
baae tvo;
knurrar i Løynd
mot det tunge Velde,
men slepp ikkje fraa;
er merkte og selde.