Denne siden er godkjent
svingar med Røykverk
og til det bed.
Pavar stig fram
i stort Skrud;
messar for Dyre
som for ein Gud.
Dronningar høge
svarar i Kor
og dansar for Dyre
i tunt Flor.
Bundne dei er
til Herren sin alle;
han Merke sitt ser
i kvar Skalle.
Alt i Gledskap
og Glans seg ter;
daa peikar volva,
og Veslemøy ser.
Ser Dyre det store
i Lygn vundi
og midt i si Magt
basta og bundi.