Side:Garborg - I Helheim.djvu/170

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Ytst stend Hirdi,
Dronningar fride,
Kongar og Keisarar,
Bispar blide.

Det er som dei frys
i sin Silke-Bunad
men mjukt dei seg bøygjer
kvar for si Kruna

Det er som dei skjelv
i den isande Vind;
men djupt dei seg krøkjer
for Herren sin.

Keisarar, Kongar
i Kaapur side
striglar Dyre
um Bog og Side.

Striglar Dyre
um Bog og Kne;
rundt ikringum
Bispane kved.

Stend i Radir
for Dyre og kved,