Side:Garborg - I Helheim.djvu/168

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Det andre er Hovud
av Reven fin;
Pavekrona
der upp-aa skin.

Hovud til anna
stundom kvæser,
skjeglar, glefser,
grin, fræser.

Men Inkje ved Strid
dei vinn eller vann;
det veit dei og blidkar seg
best dei kann.

Ikkje i Sjølvstrid
kann Dyre vinne;
Hovudi blidkar seg,
heite av Sinne.

I Krig ein maa
med seg sjølv halde Fred;
det skỳnar og veit dei
i Helvite med.

Vakt hev Dyre
ikring seg nære,