Side:Garborg - I Helheim.djvu/166

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Fram sviv dei yvi
den Svarm av Draugar
til Dyre som sìt
paa dei sju Haugar.

Der ligg i Nedfall
ein gamall By;
enn lyfter seg morknande
Taarn mot Sky.

Enn lyfter seg Borgir
og Leikar-Hus
og Tempel-Bygningar
halvt i Grus.

Paa Høgste-Haug
yvi Gamle-Torg
ligg den mosgrodde
Raadhus-Borg.

Der sìt Dyre,
det store,
skræmmelegt,
underleg vori.

Høgt det ruvar
fraa Bakke-Braut;