Side:Garborg - I Helheim.djvu/165

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

men kom Vaarherre i faatøk Naud,
so berre stengde dei Døri.

Dei dømde gali aa vera godt
og Lovi tøygde og rengde;
dei lét dei store Syndarar gaa
og trutt dei smaae dei hengde.

Det er dei syndige Styresmennar,
som døyvde Liv i Land
med Tvang og Tyngslur og Uretts Kravi
og Bendsle og Snøre-Band.

Lide maa dei i Nivlheim,
i Kalddjupe gruggi og gruti,
som skygde med Tyngslur og stengde med Tvang
Soli fraa Folke ute.

Lide maa dei i Nivlheim,
i Kalddjupe vaatt og graatt,
dei harde, vonde Styresmennar,
som lagde um Jordi Nott.

Lide maa dei i Nivlheim,
som bygde med Stein og Staal
fagre, ljose Mannaheimen
um til eit Fangehol.

*