Side:Garborg - I Helheim.djvu/163

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Magthavar-Fèni[1]
er næste Rast;
so mang ei arm Sjæl der
vart sitjande fast.

I Doms-Dike ingin
til Botnar gjeng;
dei sokk ikkje heilt,
som halvt heng.

I Domsdike-Galgar
det hurglar og tyt;
dei heng ikkje heilt,
som halvt flyt.

Angest og Naud
er all Stad aa sjaa;
so kvar for sin Urett
lide maa.

Veslemøy.

Naar fekk dei det stygge Merke,
dei hev i sin Panne-Svord?

  1. fèn: „Sump“.