Side:Garborg - I Helheim.djvu/122

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

<poem> Dei vinn ikkje fyrr den vesle Høgdi, so maa dei i Glupe ned.

Systeri.

Dei bela til Mengd og Muge og selde for billeg Ros ein Song, som skulde i myrke Heimar nørt det ævuge Ljos.

Dei selde for billeg Ære og Ros som inkje gjeld ein Kunst som skulde i kalde Heimar nørt den ævuge Eld.

*
Volva fører deim
fram yvi Mo;
ein gamall Skald der
aaleine stod.
Aaleine stod han
skrukkin og skrinn
og reiv i Strengin’
paa Leiken sin.

<poem>