Side:Garborg - I Helheim.djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Det er dei daarlege vise;
her nyt dei kje større Ære:
sette vert dei paa Skulebenken,
um upp-att dei kunde lære.

Veslemøy.

Kven er dei Dvergar og Klokedabbar
som sìt der i Skulen nedst?
D’er inkje til Kropp; dei ut er vaksne
i berre Hovud mest.

D’er Hovud som store Hitar
paa Halsar som Stylkir og Straa;
aldri korkje i Trollheim ell Mannheim
eg noko so ulikt fekk sjaa.

Systeri.

Det er dei kloke Daarar
som lærde seg alt paa Jord,
men gløymde Dag og den dyre Stundi
og Livsens Løyndom stor.

Det er dei kloke Daarar
som sat attum stengde Rute
og bygde med Mur av Bok paa Bok
seg sjølve fraa Live ute.