Side:Garborg - Haugtussa.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Drỳs og droplar godt og lengi;
lækjer Jordi, laugar Vaaren;
held so etter velgjort Arbeid
mildt og rolegt upp mot Kvelden.
Og det opnar seg og andar,
Blom og Blad og alt som lìver,
Stylk og Straa og friske Lyngtopp,
Pors og Brisk og beiske Triblad.
Andar ut si varme Sæle
i dei tusund, tusund Angar,
tusund friske, fine Angar, —
til som Balsam Lufti fløymer.
Og ein Klaar-Eim sveiper Jordi,
Eim av Livsens Elsk og Yljing,
som det lette Slør um brune
runde kjælne Brurebarmar.

Veslemøy med stille Buskap
driv imillom Rundehaugar
nord ikring den svarte Tjørni,
som gror att med Myr og Mose.
Faarleg er den Hengje-Dinsa,
klædd med Bær-taag og med Myr-ull;
ned-paa svarte Evje-botnen
søv ein Lyngorm lang og diger.
Men i Bakken Fêe beiter,