Side:Garborg - Haugtussa.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Med Slurve-Jens fylgjer ein utsvelt Gamp,
han fekk korkje Høy eller Vatten;
og Bjørnen er med han Sterke-Lars Kamp;
men Haale-Jakop hev Katten.
Han Kristian Skar
vil vera slik Kar,
men Hare-Pus spring i hans Fotefar.

Ho Skravle-Guri, ho hev ei Geit
med Horni som kvast kann rispe;
med Rund-Malli hoppar ein Smaagris feit,
og Berit Floks hev ei Tispe;
ho Mari der nord,
ho heve ei Skjor;
ho Langskankle-liakkel hev Merri stor.

Ho Maren og Mette og Lisabet
og Stine fraa Storlirekke-Møne
og Jòrina Klopp og Olina Klett,
dei hev berre kvar-si Høne.
Men Megga fraa Aas,
med Sylv under Laas
og Garden aaleine, ho hev ei Gaas.