Side:Garborg - Haugtussa.djvu/5

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Eg kjenner Striden tung og sein
mot Trolldoms Vald.
Gud hjelpe oss for brotne Bein
og Mannefall!

Eg kjener deg — eg kjenner deg,
som ikkje vann! —
Eg saag din Strid, eg veit din Veg
i Skugge-Land.

Eg røynde sjølv den Striden stygg
i mange Aar,
med ville Mod, med bøygde Rygg,
med svære Saar.

Du um meg sviv, du hjaa meg sit,
du arme Aand!
I meg du enno riv og slit
i dine Baand.

Eg veit det vel: dei sterke Troll,
den Vilje rik;
ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll,
sløkkt i eit Skrik. —

*