Side:Garborg - Haugtussa.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Kvar ein og kvar ei hev Vardyvle sitt,
det fylgjer so trugi sin Herre;
det eine er svart, det andre er kvitt,
eit stygt og det andre verre.
Aa kunde dei sjaa!
dei fælte visst daa
og Vondskap og Villskap seg vende fraa.

Han Topp-Ola Leite strokin og stram,
som sviv der med Midja den svange,
han hev til Fylgje ein Haneham
med Sterten og Sporane lange.
Han Daase-Per Skau,
han heve ein Sau,
og sløge Jo Bliland hev Revon raud.

Han Late-Knut Aase, Likesæl-Knut,
maa fylgjast med Feitsugga fæle;
han Andrias Haaland, den Gjentefut,
hev Bukken hoppand’ i Hæle;
men søtmælte Svein,
som gjeng der so rein,
hev Vargen den graa’ med dei lange Bein.