Side:Garborg - Haugtussa.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

UNGDOM

Det er Joletid; det er Annandag.
Hjaa Gamlemor held dei sitt Danselag.
Dit flokkar seg Gut og Gjente.
Føre er fælt med Snø og med Slaps,
Vegane er berre Grugg og Graps;
men alle so er dei plente.

Me veit kor det er i Ungdomens Tid;
etter all den kvardagsleg’ Sut og Strid
ein Leik so hjarteleg smakar.
Og Gleda er gjæv og Gleda er kjær;
dei hoppar som Folar og Rundkast slær
og spenner i Golv so det brakar.

Og Guten drikk seg eit lite Mot;
so sullar dei fram paa dansande Fot
og held seg i varme Hendar.
Aa hei! ropar Guten og svinger sin Arm;