Side:Garborg - Haugtussa.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

SYNE

«— Nei Mor, det kann du tru med Lit;
eg miste korkje Hugs hell Vit.
D'er ingin Draum eg fèr i.
Nei; vel eg veit, for fyrste Gong
eg saag inn gjenom Glytten trong
inn i den andre Verdi.»
— «Daa fekk du Feigmanns-Gjerdi.»

«Syt ikkje, Mor, for Veslemøy!
Det er kje eg som burt skal døy
og meg i Naa-Ham hylja.
Men Morbror hev me mist i Kveld.
Eg møtte han i Grave-Dæld.
Han skein som Moreld-Bylgja.»
— «Gud vil honom naadig dylja.»

«Det myrkna yvi Haug og Heid,
og Skùming dulde Lengd og Leid.
Eg gjekk med Gud i Tankar.
Daa vart det stilt som djupt i Grav.
Det var som Verdi sovna av
For Øyro Blode bankar …»
— «Alt Dult i Myrkre vankar.»